Forskargjengen i Toulouse

  • Forskargjengen i Toulouse
  • Forskargjengen i Toulouse
  • Forskargjengen i Toulouse
  • Forskargjengen i Toulouse
  • Forskargjengen i Toulouse

2STD og 2STF oppheld seg i Toulouse i Sør-Frankrike i alternativ veke. Her har me fått gjort mykje, sjølv om programmet har blitt litt amputert på grunn av sinte bønder.

Tysdag besøkte me Airbus-fabrikken der me fekk sjå og lære om produksjonen av A380, den nyaste flymodellen til Airbus. Me var også på Aeroscopia, eit svært flymuseum der dei gjekk gjennom heile flyhistoria. Me fekk blant anna gå inn ein Concorde, og sjå korleis dei eigentleg har det på «første klasse». Me besøkte også det naturhistoriske museet denne dagen. 

Onsdag skulle me til Carcassonne, ein festningsby frå middelalderen litt utanfor Toulouse. Det viste seg å vera vanskeleg. Demonstrerande bønder i konflikt med styresmaktene blokkerte vegane med traktorar og kuskit. Sjåføren vår prøvde så godt han kunne å manøvrere bussen gjennom småbyar på smale vegar, men trafikken stod stille inn mot Carcassonne, og til slutt måtte me gi opp og vende tilbake til Toulouse. Så då blei det sightseeing og shopping i Toulouse denne dagen. I Toulouse sentrum var politiet tydeleg til stades, men me såg ikkje noko til demonstrantane. Sjølv om det var spennande å oppleve det franske temperamentet, var det ein nedtur å gå glipp av Carcassonne.

Torsdag vakna me til snø. Ikkje heilt det me vanlegvis assosierer med Sør-Frankrike. Ullundertøyet måtte på, i alle fall hos dei middelaldrande, fornuftige lærarane. Denne dagen stod eit besøk på INSA (ingeniørutdanninga ved universitetet i Toulouse) på programmet. Her blei me vist rundt av norske studentar og me fekk høyre korleis det er å vera norsk student i Frankrike. Me fekk sjå campus, laboratorium, verkstadar, svevande magnetar og verdas mest energieffektive bil, laga av studentar ved universitetet. I kveld blir det felles avslutningsmiddag, og litt for tidleg i morgon vender me nasen heimover.

Randi, Tord Are, Magnar. 

IMG_20180207_090521023
Del denne artikkelen på:
Kontaktperson